Gratis teater for barn på takterrassa bg18 onsdag 24. juni

Onsdag 24. juni kjem Campingkompaniet på besøk til burettslaget vårt, og sett opp eit teaterstykke på takterrassa til Breigata 18. Det er heilt gratis å delta!

Barn: Kom opp på takterrassa og sjå eit flott og morsomt teaterstykke, “Askeladden som kappåt med trollet”!

Voksne: Dette er eit gratis-tilbod til alle barn. Du kan lese meir på facebook-sida til Campingkompaniet.

Smittevern-tiltak: Vi tek smittevern alvorleg, og kjem til å sette opp dører. Det blir teipa opp kor folk skal sitte for å halde avstand til kvarandre. Hugs – er du sjuk, må du halde deg heime.

Måndag og tysdag kan du leggje ut møblar og anna avfall i bakgarden

Måndag 8. juni og tysdag 9. juni er det mogleg å leggje ut søppel for henting, som til dømes møblar og elektrisk avfall.

Grøn presenning: Restavfall

Oppå grøn presenning kan du leggje møblar og anna restavfall.

Kvit presenning: Elektrisk

Alt som går på straum kan du leggje på den kvite presenninga.

Måndag: mobil gjenbruksstasjon i Urtegata 31 kl 16 – 17:30

Kvar måndag er det mobil gjenbruksstasjon få meter frå burettslaget, i Urtegata 31 frå kl 16 til 17:30. Her kan du levere alt frå farleg avfall som maling og liknande til elektrisk avfall, trevirke og liknande. Dersom du ha anledning, set vi pris på at du heller brukar dette, då burettslaget (og med det, du) vil spare pengar – vi betalar per kilo avfall som blir henta frå burettslaget. Les meir

Dette kan du uansett ikkje levere til burettslaget

Borettslaget har inngått forlik med Oslo Eiendomssenter

Borettslaget 4Blocks består av et borettslag med fem bygg og utgjør størstedelen av et sameie med Oslo Eiendomssenter AS (dekkende Breigata 18 og Breigata 20 – inkludert boligdelene og næringsdelen i første etasje).

Borettslaget har de siste årene hatt en pågående økonomisk uenighet med Oslo eiendomssenter. Det har over lang tid vært forsøkt å komme til enighet, men det har vært vanskelig å bli enes om hva Oslo eiendomssenter skal betale for ting bakover i tid, og hva de skal dekke framover i tid.

Borettslaget har forsøkt direkte mekling og Forliksrådet, men sendte til slutt saken til rettsvesenet. Onsdag 3. juni hadde partene mekling med dommer, og vi kom til enighet.

Les mer

Måndag 18. mai: Du må spyle dusjen med maks varme i 5 minutt [legionella]

For å sikre mot legionella er det viktig at du måndag 18. mai har gjennomspyling av varmt vatn, til dømes etter dusjing.

Måndag 18. mai aukar vi temperaturen i anlegget, for at du skal kunne oppnå høg nok temperatur til å drepe bakterier. Det er viktig at du gjennomfører prosedyren under måndag 18. mai.

1. Du kan dusje og bruke varmtvatn som vanleg, men det vil vere varmare enn normalt.

2. Ein gong i løpet av dagen (tidlegst 08:00 og seinast 20:00) du køyre varmtvatn gjennom dusjen din. Pass på at du har maks varme, og la vatnet spyle i 5 minutt.

Dersom du kan måle temperaturen, er det flott (men ikkje krevd) – du skal oppnå minst 60°C.

NB! Måndag 8. mai frå kl 09:00 til 10:00 er vatnet ekstra varmt

Pass på at du ikkje skoldar (brenn) deg når du dusjar. Personar med tynn hud, som dei med hudsjukdomar, eldre og born, må vere særleg påpasseleg.

Neste konteinar: i juni

Måndag 8. juni blir det plassert ut ei presenning i bakgarden. Her kan du leggje møblar og anna du vil kaste, så lenge det ikkje er farleg avfall.

Onsdag 10. juni blir alt som er lagt her, henta av ein komprimatorbil. Etter at bilen har vore i burettslaget og presenninga, er det ikkje lov å leggje ut meir avfall for kasting.

Desse tinga kan du IKKJE kaste i konteinaren:

  • Farleg avfall som maling, kjemikalier o.l.
  • Byggavfall
  • Bildekk

Tinga som står ovanfor kan du derimot levere gratis kvar måndag mellom klokka 16 og 17:30 i mobil gjenbruksstasjon (Urtegata 31)!

Småelektrisk eller anna du vil kaste før juni? Kast det i mobil gjenbruksstasjon kvar måndag – heilt gratis. Sjå lenka over.

Koronavirus: Tiltak

Koronaviruset har for alvor kommet til Oslo, og Styret har gjort noen umiddelbare tiltak. Vi øker frekvensen av vasking av dørhåndtak, gelender, heisknapper ogporttelefon (ved port og inngangsdørene til blokkene). Dette blir nå grundig rengjort to ganger per uke.

Styret anbefaler at alle følger det offentlige sine råd:

  • Unngå unødvendig kontakt med andre – sosial distanse.
  • Dersom du kan ha hjemmekontor, bør du det.
  • Dersom du hoster eller har andre symptomer skal du holde deg i hjemmekarantene i 14 dager.
  • Grundig og ofte håndvask er viktig!

Les mer på Folkehelseinstituttet sine nettsider om Koronaviruset.

Juletre som skal kastes?

Dersom du har eit juletre som skal kastast, kan du kaste dette gratis av Oslo kommune – så lenge du før laurdag 11. januar klokka 09:20 sett ut juletreet på eit av to punkt under.

Juletre kan ikkje kastast i søppeldunkane, og dei kan ikkje settast i burettslaget. Du er sjølv ansvarleg for å levere juletre til felles innhenting, eller køyre det vekk sjølv.

Hentepunkt 1 – krysset Smalgangen og Olafiagangen

Oslo kommune kjem laurdag 11. januar klokka 09:20 og henter alle juletre som før dette er lagt her. Det er ikkje lov å leggje igjen juletre etter dette. Dette er området kalla “markedsplassen”, i enden av parkeringsplassen (rett under brua, ved nedgangen til T-bana).

Hentepunkt 2 – Christian Krogs gate 30

Oslo kommune kjem laurdag 11. januar klokka 09:40 og henter alle juletre som før dette er lagt her. Det er ikkje lov å leggje igjen juletre etter dette.

Hentepunkt for juletre