Boligperm: Nettverk og internett

Tilbake til boligpermen

1. Generelt om nettverk og internett

Internett frå Lynet (gigabit)

Alle bebuarar har gigabit (1000 megabit) gratis internett via uttak rett i veggen, levert av Lynet. Du treng ikkje å bestille dette, og kostnaden på 169kr per månad blir belasta over felleskostnadane. Dersom du har tekniske problem kan du kontakte kundesørvis frå lynet.no.

Internett frå Get

Dersom du av ein grunn ikkje ynskjer å bruke den internettlinja som er inkludert i felleskostnadane, kan du inngå personleg avtale med Get, som har kaksialkabel i burettslaget. Merk dog at du framleis må betale for Lynet internett via felleskostnadane dine, du kan ikkje reservere deg mot dette.

TV frå Lynet/SnapTV

Lynet tilbyr IPTV-løysning, kor du har ei lita boks du koplar til TVen din, som igjen brukar internett for å hente inn TV-kanalar. Les meir på snap.tv.

TV frå Get

Dersom di leigenheit/ditt rekkehus framleis har koaksialkablar, kan dykk bestille TV-pakke frå Get.