Breigata får midlertidig nytt køyremønster

I sommar er det prøveprosjekt med stenging av Grønland for gjennomkøyring. I grønland kor det normalt sett er mykje trafikk vil delar av vegen bli heilt sperra av for all trafikk (der drosjeholdeplassen er, foran Meny) medan delar vil bli einvegskøyrd.

Breigata vil framleis vere einvegskøyrd, men retninga vil bli snudd.

Formålet med tiltaka er å gjere det betre for gåande, utvide gåarealet, få fleire benkar og meir levande byliv, samt redusere bilkøyringa som går gjennom Grønland og helelr lede den til andre vegar, som t.d. foran bussterminalen.

Dette er prøveprosjekt frå 01. juli 2022 til og med 15. oktober 2022. Burettslaget har tatt kontakt med kommuna om dette, men vedtaket er gjort og det er ikkje venta endring så lenge prøveprosjektet pågår.

Kva betyr det?

Grønland frå Vaterlandsbrua (Riverside, Posten o.l.) og eitt kvartal ned, til “gamle kiwi”/apoteket

Her blir det einvegskøyrd for bilar, fortauet blir utvida fleire meter og det blir bygd nye utemøblar.

Lakkegata (forbi A Foods) framleis einvegs, men andre retninga

Køyreretninga i Lakkegata blir no snudd til å gå andre vegen.

Biltrafikken i Breigata blir snudd andre vegen

Trafikken i Breigata blir snudd andre vegen, slik at bilane no vil køyre frå Motzfelds gate og opp mot Lakkergata, og ikkje andre vegen.

Vi må òg i starten forvente ein del auka trafikk sidan bilar som køyrer frå området Oslo City/Spektrum og mot Grønland vil møte på ein stengt veg og då bli slusa rett inn i Motzfelds gate, så Breigata og til slutt ut i Lakkegata.

Vi håper at dette berre er midlertidig og at ein del av trafikken som kjem vil vere bilar som uventa møter på nytt køyremønster og i realiteten tek ein ganske stor omkøyring via Breigata.

Delar av Grønland blir bilfritt

Kvartalet frå Motzfelds gate (“gamle kiwi”/apoteket/Punjab tandoori) og ned til Tøyenbekken (Max burger/Grønland basar) blir heilt sperra for biltrafikk. Det betyr at bilar som kjem frå Oslo city-området og trur dei skal køyre over Grønland til Gamle Oslo vil bli overraska, må snu inn i Motzfelds gate, inn i breigata og så returnere.

Prosessen

Byrådet vedtok prøvestenging av Grønland i byrådssak 1001/22

Som del av tiltaksplanen til Oslo kommune for å redusere bilbruk der det bur folk i sentrum, og auke tilbodet for dei som bur der, har dei vedtatt å prøvestenge Grønland for å sjå effekten.

Frå dokumenta:

«Midlertidig stenge deler av Gata Grønland for biltrafikk i en periode. Etablere fysiske elementer i de arealene som avstenges for å bidra til økt trivsel og opphold. Utforming av arealene gjøres i dialog med Bykuben og BGO, jf. tiltak «Fysiske elementer i Gata Grønland». Hensyn til fremkommelighet for utrykningskjøretøy, funksjonshemmede og varelevering, og tilgang til eiendommene skal vektlegges i utformingen av de avstengte arealene. Finansieres med midler avsatt til tiltaket «Bylogistikk og oppfølging av mulighetsstudie for trafikkreduksjon.»

  • Byrådssak 1001/22 Bilfritt byliv: tiltaksplan 2022 sakinnsyn
  • Saksframlegg for bilfritt byliv: tiltaksplan 2022 saksframlegg

Midlertidig skiltvedtak

10. mai 2022 vedtok Oslo kommune eit midlertidig skiltvedtak som endra på skiltinga i området vårt.

«I gata Grønland på strekningen Motzfeldt gate – Tøyenbekken vil bilkjøring bli forbudt. På strekningen Lakkegata – Motzfeldts gate vil det bli innført enveisregulering med kjøreretning østover. For å bidra til økt trivsel og opphold vil det bli etablert ulike typer bylivstiltak. Det vil bli
tilrettelagt for at private aktører kan bruke gatearealet til uteservering og salgsaktivitet. Det vil også tilrettelegges for ikke-kommersielt opphold og økt gangareal.»

Prøveprosjektet blir avslutta 16. oktober

Etter 15. oktober skal ting tilbake til slik det var tidlegare.

Evaluering

Etter prøveprosjektet er det innspelsrunde, og prosjektet blir evaluert. Målet er to-årig stenging, kanskje permanent stenging og omgjering til gåområde.