Boligperm: Elektriske anlegg

Tilbake til boligpermen

1. Generelt om det elektriske

Kvar enkelte andelseigar er sjølv ansvarleg for det elektriske inne i leigenheita. Dette dekkjer kabling, sikringsskap, varmekablar, stikkontakter og liknande. Dersom du mistenker feil på det elektriske anlegget er du ansvarleg for at snarast kontakte kyndig personell for å undersøke og/eller rette feil.

Dette kapittelet vil gje generell informasjon om det elektriske. Merk at det kan vere gjort endringar i boliga di etter oppføring.

2. Sikringskapet for boliga di

Inne i boliga di er det eit eiga sikringsskap (ofte ved sidan av eit ekstra skap for kabling, som er dekka i eit eiga kapittel). For leigenheiter er sikringsskapet i gangen eller i boden inne i leigenheita, medan det i rekkehusa er plassert inne på teknisk rom i første etasje.

I døra til sikringsskapet er det viktig informasjon samt ei plansje som lister opp straumkursar og kor desse går samt kapasitet. Kurs 1 og 2 er hovudbrytaren, og om du vrir på denne går alt av straum til boliga di.

Hovudbrytar i kjellar
I tillegg til hovudbrytar i sikringsskapet ditt, er det ein ekstra hovudbrytar i kjellaren, der du leser av straummålar (sjå punkt under).

Boligperm elektro sikringsskap
Til venstre: liste over kursar, til høgre: sikringene

3. Avlesing av straummåler

Alle el-selskap (t.d. Hafslund) ber deg lese av straummålaren din med faste mellomrom. Straummålarar er plassert i teknisk rom i kjellaren, med tilgang frå garasje og bodareal.

Alle fellesdører i burettslaget er merka med eit skilt øverst til høgre på dørkarmen kor det står dørnummer og kva døra fører til. Den enklaste måte å finne fram til din målar på, er å sjå på lista under og finne rett dør basert på nummereringa.

Kor finn du din straummålar?

  • Breigata 12: Teknisk rom, dør 37. Adgang frå garasje (via dør 38, ved nedkøyring frå Breigata).
  • Breigata 14: Teknisk rom, dør 37. Adgang frå garasje (via dør 38, ved nedkøyring frå Breigata).
  • Breigata 16: Teknisk rom, dør 37. Adgang frå garasje (via dør 38, ved nedkøyring frå Breigata).
  • Breigata 18: Teknisk rom, dør 25. Adgang frå garasje (via dør 26) eller frå kjellaren i Breigata 18.

Dør 38 skilt
Bilete over: Skilt som viser dør 38 frå garasja til bodareal og teknisk rom. Bak denne døra er dør 37 til teknisk rom/el-tavle.

4. Kva for ein målar er din?

Boligperm kursfortegnelse

Ved å opne fordelarskapa (merka “Felt A”, “Felt B” osv) ser du straummålarar. På døra er det ei liste som viser kva for ein målar som går til ulike boligar. Samme H-nummer som det står i lista er og merka over straummålaren. Dersom du er usikker på H-nummer, sjå på skiltet over døra inn i boliga di.