IN-ordning i 4blocks

Alle som bur i burettslaget er ansvarleg for den delen av fellesgjelda som er knytta til boliga si. Det er dog inngått avtale om Individuell nedbetaling, som gjer at du kan velge å betale ned (delar av eller heile) din del av fellesgjelda dersom du ynskjer det.

Burettslaget har veldig gunstig boliglån i Husbanken med rekordlåg rente, som du mistar om du betalar ned

Dersom du vurderar å betale ned fellesgjeld og så auke gjelda i din vanlege bank, er dette sannsynlegvis ikkje økonomisk lurt – det samme er dersom du kan bruke dei pengane du ville brukt på nedbetaling itl andre investeringar.

Fellesgjelda vår er i Husbanken, og i skrivande stund er renta på 0,8%! Dersom du betalar ned din del av fellesgjelda, vil IKKJE du eller seinare eigarar kunne angre på dette og gå tilbake til lån i Husbanken, det er ein einvegs-prosess.

Bakgrunn for IN-ordning

På generalforsamling 8. september 2020 ble det vedtatt å innføre IN-ordning (ekstraordinær innbetaling av fellesgjeld) i burettslaget.

Kva betyr det å betale ned?

Du som andelseigar kan betale inn meir enn beløpet du betalar kvar månad på din andel av lånet som er del av felleskostnadane.

Reglar for ekstra innbetaling av fellesgjeld i burettslaget

  • andelseier kan innbetale to ganger per år, ved våre hovedforfall 1. mai og 1. november.
  • minimumsbeløp per innbetaling, er kr. 100 000,-, dog slik at det ved siste innbetaling eller innbetaling av hele det beregnede beløp aksepteres et lavere beløp
  • beløpet som innbetales ekstra må være i hele 5.000 kr
  • For arbeid i forbindelse med innbetaling fra andelseier har ABBL krav på et honorar på kr 2 500 ink. mva. Dette honoraret betales i sin helhet av hver enkelt andelseier ved ekstra innbetaling av fellesgjeld
  • andelseiers innbetaling må være ABBL i hende senest 10 dager før terminforfall
  • andelseiers innbetaling skjer til Borettslagets eller boligbyggelaget konto bestemt av ABBL

Dersom du betalar ned ekstra på din andel av fellesgjelda vil ABBL redusere dine månadlege kostnadar til rente og avdrag som kjem fram i faktura for felleskostnadar. NEdbetalingstida for din andel av fellesgjelda vil òg bli redusert.

Ta kontakt med vår forretningsførar i ABBL om du ynskjer å betale ned ekstra. Dei kan informere om saldo, kontonummer samt kva for ein dato pengane må vere inne.

Er dette rett for deg?

Før du bestemmer deg for å betale ned fellesgjelda heilt eller delvis er det lurt å tenke nøye gjennom dette valet. Dersom du har oppstarte midlar kan det vere lurt å betale ned fellesgjelda for å redusere utgiftene dine – dersom avkastning på oppsparte midlar er mindre enn renta vi har i Husbanken (p.t. 0,8%).

Det er sjeldant økonomisk lurt å betale ned felleslån for å auke lån i annan bank.

Må du for eksempel ta opp eit lån for å nedbetale, bør du ikkje nytte deg av denne ordninga. Du vil antakelegvis betale ned meir ir enter på eiga lån, enn på fellesgjelda til burettslaget. Har du først betalt ned din del av fellesgjelda, kan du ikkje ombestemme deg og gå tilbake til Husbank-rente.

Les meir om IN-ordning i brosjyre frå Regjeringa