Normalt sett skal det ikkje vere bilar innanfor portane til burettslaget. Dette er for å følgje påkrav frå brannvesen og andre utrykkingskøyretøy, og at det skal vere ein trygg plass for born.
I visse tilfelle, som t.d. flytting, blir det gitt godkjenning for å køyre inn med bil.
Parkering er aldri tillatt
Det er ikkje lov å parkere i burettslaget – det er berre lov å stå i kort tid for av- og pålassing.
Tilgang til køyreport må søkast om
For å få tilgang til køyreporten, kan du først betale gebyret (p.t. 100kr) og så kontakte styret ved å bruke kontaktskjemaet. NB! Ha med andelsnummeret (mellom 1 og 98) i e-posten, då det hjelp veldig til.
Du må be om tilgang minst tre dagar før du treng det
Styret består av personar som hjelp til i burettslaget, ved sidan av sine vanlege jobbar. Å gje ein person tilgang til porten tek litt tid og vi må sjekke diverse ting som om andre har tilgang i samme periode og lignande – og berre to personar i styret kan gjere dette. Be difor om tilgang minst tre dagar på førehand.
Dersom du ber om tilgang kortare tid enn tre dagar før, og vi ikkje rekk å gje deg tilgang, vil gebyret ikkje bli refundert. Gebyr blir heller ikkje refundert dersom du ikkje benyttar deg av tilgangen.