Sykkelskuret er no låst

Frå fredag 3. juni vil det nye sykkelskuret ved Breigata 20 vere låst.

Alle bebuarar har tilgang til sykkelskuret med grøn og svart brikke (lik som har tilgang til bodareal). Om du har behov for tilgang med andre brikker, bruk kontaktskjemaet og send melding, så legg vi til at sekundærbrikker òg har tilgang.

For å opne porten når du er inne i sykkelskuret trykker du på døropne-knappen, som er kvit. Ikkje bruk styringspanelet høgt oppe på veggen – då blir låsesystemet forvirra.