Nøkkelbrikker

Borettslaget har trådlause adgangsbrikker som gir tilgang saman med Pin-kode.

Får du raud X eller raud mann?

Då har du tasta feil kode for mange gongar, og vi må gjenopne. Skjer dette ofte (meir enn ein gong per år) kan vi ta gebyr for dette. Bruk eige skjema, IKKJE kontaktskjemaet til høgre/under

Mista brikke eller behov for fleire?

Kontakt oss med kontaktskjemaet under. Hugs at du berre kan ha ein svart, ein grøn osv. Når du ber om å få ny brikke må du føre opp kva brikker du har frå før av.

Det kostar 150kr per brikke. Bruk eige skjema, IKKJE kontaktskjemaet til høgre/under

Brikkene som leveres ut har kode

Alle brikker har PIN-kode på fire siffer kor første to siffer er andelen din og to siste er byggnummer. Med andre ord, bur du  i andel 44 og Breigata 12, vil din kode vere 4412. Nummeret på andelen står på eit skilt over døra di.

NB! Dersom du tastar feil kode fem gongar på rad, vil brukaren din bli sperra. Kontakt oss isofall, så skal vi gjenopne.

NB! Ikkje skriv koden på brikka eller liknande.. Koden er lett å hugse.

Tilgang til bodareal og tekniske rom

Svart og grøn brikke har tilgang til inngangsdør pluss bodareal og teknisk rom.

Alle andre brikker har berre tilgang til inngangsdør, ikkje bodareal eller teknisk rom.

NB! Du får berre tilgang til det bodarealet kor du har bod.

Dersom du mister ei brikke

Sei ifrå dersom du mister brikka di, slik at vi kan sperre den og du kan få ny. Dersom du mister ei brikke, må vi vite fargene på brikkene du har igjen slik at du kan få ei ny brikke av samme farge som du har mista.