Sidan 2017 har Ista på vegne av burettslaget registrert forbruk av varmtvatn og oppvarming. Målet har vore at kostnadar skal fordelast på reelt forbruk og ikkje estimat.
Les meirAlle innlegg av Andreas-Johann Ulvestad
Oppdatering på brannskade i breigata 16
No i sommar var det ein brann i Breigata 16. (les artikkel her). Det har gått ei god stund, og arbeidet er ikkje venta ferdigstilt før over nyttår.
LES MEIRRegistrer deg, og ta i bruk postkasse 2.0!
Den 14. oktober går burettslaget over frå noverande postkassestativ til Postkasse 2.0. Alle som bur i burettslaget må registrere seg hjå Posten for å sørge for at dei kan motta post etter 13. oktober.
Les meirHar du testa brannslangen i år?
Alle leigenheiter og rekkehus fekk ved bygging ein brannslange under vasken på kjøkenet. Ein gong i året skal denne testast – og det er ditt ansvar.
Les meirPostkasse 2.0 blir installert 27. august
Ved søppelområdet vil det frå tysdag 27. august bli jobba med installasjon av eit stort postkassestativ frå Posten, kjent som «Postkasse 2.0».
Det er forventa at det tek om lag to-tre veker med installasjon og testing før bebuarar får tilgang til dette, og posten blir levert der.
Meir informasjon kjem.
Kameraovervåking installert
Kamera for overvåking er nå installert i borettslaget. Det vil ta litt tid før dette er ferdig kjørt inn, men målet er å få alt ferdigstilt i løpet av juni.
Vi håper at alle i borettslaget setter pris på dette arbeidet, og at tiltaket gjør at alle kan føle seg tryggere når de oppholder seg her.
Les meirteknisk inspeksjon i rekkehusa
Tysdag 28. mai mellom 08 og 10 er det teknisk inspeksjon i rekkehusa, for å avdekke ting som kan medføyre brann, lekkasjer og liknande som har innerknad på naboar.
Elektrikar og røyrleggjar vil ta del av denne inspeksjonen, og alle rekkehusa må vere tilgjengeleg for inspeksjon denne dagen.
Kjøreport utilgjengeleg
Frå måndag 27. mai til og med onsdag 29. mai vil køyreporten vere utilgjengeleg. Vegen framfor porten vil bli gravd opp for å reparere ein kabel som er nedgravd.
Vi er varsla om at Hafslund har ein kabel det er brot i, og for å få tilgang til denne må vegen framfor køyreporten gravast opp.
Selskapet Omexom har laga denne planen:
- Måndag: Grave opp vegen
- Tysdag: Reparere brot i kabel
- Onsdag: Fylle igjen vegen
Branntilløp i breigata 16
Som mange har lagt merke til, har det vore brann i eine rekkehuset vårt, Breigata 16C. Brannen starta på taket.
Brannvesenet var raskt på plass for å slukke, og det var visse skader på naboane 16B og 16D.
For ordens skuld minner styret på:
- Du må sjølv sørge for innbuforsikring.
- Berre gas- og straumdreven grill er tillate i burettslaget.
- Rydd vekk ting som er lett antenneleg som maling, kjemikaliar og liknande.
- Test brannslangen minst ein gong i året, og sørg for at alle veit korleis å bruke den.
- (For dei som bur i rekkehus) Ha brannvarslar, og pass på å teste den ein gong i året.
- Ha brannteppe på kjøken og ved grill. Aldri bruk vatn for å slukke brannar med olje.
- ALDRI oppbevar tankar med gass som butan, propan og liknande i kjellarbod. Sjølv ei lita blå «ut på tur-boks» er nok til å lage store skadar.
- (For dei som bur i blokkene) Hugs at det ikkje er lov å kople ut brannvarslar.
Måndag 4. mars: Du må spyle dusjen med maks varme i 5 minutt
For å sikre mot legionella er det viktig at du måndag 4. mars har gjennomspyling av varmt vatn, til dømes etter dusjing.
Måndag 4. mars aukar vi temperaturen i anlegget, for at du skal kunne oppnå høg nok temperatur til å drepe bakterier. Det er viktig at du gjennomfører prosedyren under måndag 4. mars.
1. Du kan dusje og bruke varmtvatn som vanleg, men det vil vere varmare enn normalt.
2. Ein gong i løpet av dagen (tidlegst 08:00 og seinast 20:00) må du køyre varmtvatn gjennom dusjen din. Pass på at du har maks varme, og la vatnet spyle i 5 minutt.
Dersom du kan måle temperaturen, er det flott (men ikkje krevd) – du skal oppnå minst 60°C.
NB! Måndag 4. mars frå kl 09:00 til 10:00 er vatnet ekstra varmt
Pass på at du ikkje skoldar (brenn) deg når du dusjar. Personar med tynn hud, som dei med hudsjukdomar, eldre og born, må vere særleg påpasseleg.