Rekkehusa: På tide å male takterrassa di

Alle interne veggar på takterrassene skal no malast, inkludert på rekkehusa. For rekkehusa sin del er det bebuarane sjølv som skal sørgje for dette – men burettslaget står for utstyr og maling, slik at det ikkje kostar noko.

Malinga skal vere utført innan utgangen av august, og du kan lese meir i nyheitsbrevet.

Erfaring frå bebuar

Eine andelen har no malt mesteparten, og kan dele litt erfaring:

  • Start med å vaske grundig.
  • Du bør skrape eller på annan måte fjerne maling før du startar. Skrap med treet si lengde og fjern all laus maling, så sit den nye malinga langt betre.
  • Dei ulike veggane er veldig forskjellige etter kor mykje vind og vêr dei er utsett for. Nokre veggar har masse laus maling, andre har mindre.
  • Dei veggane som er utsett mykje for vêr og vind vil ta i seg meir grunning. Påfør godt med grunning!
  • Sett av ei god helg for alt. Du bør la det gå ein dag frå du har malt grunning til første strøk med ny maling blir gjort.
  • Om det nokonlunde varmt ute bør det første malingstrøket vere tørt etter fire timar. Men hugs, ikkje mal sola står på!