Avrekning på varmtvatn skjer no i haust

Sidan 2017 har Ista på vegne av burettslaget registrert forbruk av varmtvatn og oppvarming. Målet har vore at kostnadar skal fordelast på reelt forbruk og ikkje estimat.

Styret har no motteke grunnlag for denne avrekninga, og OBOS vil i løpet av nokre veker avrekne kostnadane.

Dei som har betalt for mykje vil få dette betalt tilbake, medan dei som har høgare forbruk enn det som er betalt inn for vil få rekning for mellomlegget.

Les meir informasjon i infobrosjyre.