Branntilløp i breigata 16

Som mange har lagt merke til, har det vore brann i eine rekkehuset vårt, Breigata 16C. Brannen starta på taket.

Brannvesenet var raskt på plass for å slukke, og det var visse skader på naboane 16B og 16D.

For ordens skuld minner styret på:

  • Du må sjølv sørge for innbuforsikring.
  • Berre gas- og straumdreven grill er tillate i burettslaget.
  • Rydd vekk ting som er lett antenneleg som maling, kjemikaliar og liknande.
  • Test brannslangen minst ein gong i året, og sørg for at alle veit korleis å bruke den.
  • (For dei som bur i rekkehus) Ha brannvarslar, og pass på å teste den ein gong i året.
  • Ha brannteppe på kjøken og ved grill. Aldri bruk vatn for å slukke brannar med olje.
  • ALDRI oppbevar tankar med gass som butan, propan og liknande i kjellarbod. Sjølv ei lita blå “ut på tur-boks” er nok til å lage store skadar.
  • (For dei som bur i blokkene) Hugs at det ikkje er lov å kople ut brannvarslar.
Brannslukking
Brannslukking