Fra 8. eller 9. mai vil ikke nøkler fortsatt kunne brukes, og alle må bruke nøkkelbrikker.
Grønland barnehage renoverast, perioder med støy
Grønland barnehage, som er bygd i 1866, er i prosessen med totalrenovering. Dette vil medføyre nokre tider med plagsom støy, særskild i perioden 19. april 2018 til 15. mai 2018 frå 08 til 17 på kvardagar.
Fortsett å lese Grønland barnehage renoverast, perioder med støy
Generalforsamling 14. juni 2018
Den 14. juni 2018 er det generalforsamling i Borettslaget 4Blocks. På dette møtet går vi blant anna gjennom:
- Styret sin rapport for 2017-2018
- Rekneskap for 2017 og budsjett for 2018
- Val av styre
Kodepanel til gå-porten flytta
Kodepanelet (der du bruker brikka for å opne) til gå-porten er no flytta frå ved sidan av porttelefonen og på stolpa rett til høgre for sjølve porten.
Den nye plasseringa gjer at det blir enklare å komme inn i borettslaget, og kjem etter tilbakemelding frå bebuarar.
BG14/16: Vedlikehald på ventilasjon
Tirsdag 14. november 2017 frå klokka 08 til 15 er det vedlikehald på ventilasjonen til rekkehuset ditt. Ein teknikar skal komme innam deg for å teste anlegget og skifte filter.
Radiatorvarmen blir skrudd på
Det er gitt beskjed til vaktmeister om å skru på varmen i radiatorane. Vi forventar at dette blir gjort i løpet av neste veke.
Problemer (igjen) med ventilasjon i Breigata 18 og 20
Det er igjen meldt om problemar med ventilasjon i Breigata 18 og 20. Vi har tilkalla teknikarar som kjem måndag morgon klokka 10 for å rette feilen.
Bakgarden startar opp att
I neste veke startar entrepenørane opp arbeidet med bakgarden. Det skal fram mot vinteren jobbast med:
- Skur for syklar, barnevognar o.l. foran Breigata 14
- Klargjering av arealet som er inngjerda for vinteren (fjerning av gjerder o.l.)
- Avlåsing av port mellom Breigata 18 og 20
Vi håper at dette er ferdigstilt i løpet av oktober, før vinteren kjem.
Manglande henting av søppel
Etter utskifting av låser har det vore problemar med kommunikasjonen mellom ISS (vaktmeisterselskapet vi nyttar i burettslaget) og Renovasjonsetaten i Oslo kommune.
Dette er løyst, og søpla skal bli henta fortløpande.
Til informasjon har burettslaget så hyppig henting som mogleg, tre gongar med restavfall i veka og ein gong i veka for papir.
Problem med ventilasjon i blokkhusa
Det er problem med ventilasjon i blokkhusa. Teknikarar jobbar med å løyse dette, og vi vonar å ha ei snartleg umiddelbar løysning.
Styret ser vidare på meir permanente løysninger, då selskapet som vi har avtale om vedlikehald av anlegget med ikkje lengre kan utføyre oppgåvene.