Måndag 4. mars: Du må spyle dusjen med maks varme i 5 minutt

For å sikre mot legionella er det viktig at du måndag 4. mars har gjennomspyling av varmt vatn, til dømes etter dusjing.

Måndag 4. mars aukar vi temperaturen i anlegget, for at du skal kunne oppnå høg nok temperatur til å drepe bakterier. Det er viktig at du gjennomfører prosedyren under måndag 4. mars.

1. Du kan dusje og bruke varmtvatn som vanleg, men det vil vere varmare enn normalt.

2. Ein gong i løpet av dagen (tidlegst 08:00 og seinast 20:00) du køyre varmtvatn gjennom dusjen din. Pass på at du har maks varme, og la vatnet spyle i 5 minutt.

Dersom du kan måle temperaturen, er det flott (men ikkje krevd) – du skal oppnå minst 60°C.

NB! Måndag 4. mars frå kl 09:00 til 10:00 er vatnet ekstra varmt

Pass på at du ikkje skoldar (brenn) deg når du dusjar. Personar med tynn hud, som dei med hudsjukdomar, eldre og born, må vere særleg påpasseleg.