Alle innlegg av Andreas-Johann Ulvestad

Ekstraordinær generalforsamling 18. september

Det blir ekstraordinær generalforsamling tirsdag 18. september klokka 18:00 – 20:30 på Kafé Asylet, Grønland.

På generalforsamlinga skal styret presentere orientering om burettslaget sin økonomi og så er det votering over endring av vedtektene.

Etter generalforsamlinga er det bebuarmøte (sjå eigen post om det).

Fortsett å lese Ekstraordinær generalforsamling 18. september

Takterrassedør Breigata 20 fiksa

Døra ut til takterrassa i Breigata 20 er fiksa.

Problemet her var at nokon har stappa ting inn i låsekassa for å halde døra oppe. Dette har medført slitasje, som igjen til slutt har gjort det umogleg å låse opp døra.

Vi minner om å IKKJE stappe ting inn i låsekasser eller anna – slik fikling medører kostnadar for burettslaget, og med det, kostnadar for alle som bur her.

Konteinar kjem 1. august

Onsdag 1. august blir det tilgjengeleg ein konteinar i bakgarden. I denne kan du kaste alt du har oppsamla av møblar, store pappesker og anna som du ellers ikkje blir kvitt. Det blir òg bestilt eit el-avfall-bur kor du kan kaste elektrisk avfall som lamper, TVar og liknande. Bruk anledninga til å rydde i leigenheit, bod, i gangen din osv.

Vi minner om at det utanom når vi har konteinar ikkje skal hensettast søppel. Det skal ikkje settast noko foran søppelområdet, i bodareal eller i gangar – heller ikkje på takterrasser.

Vi får konteinar fire gongar i året; ca 1. mars, 1. mai, 1. august og 1. oktober. Utanom dette må du sjølv passe på å køyre bort avfall.

Manglar du tilgang til bodareal?

Dersom du ikkje har tilgang til bodareal med den svarte/grøne nøkkelbrikka di, må du ta kontakt med styret via kontaktskjemaet her på nettsida og fortelle om kor du har bod.

Kvifor?
Burettslaget har bod fire plassar, og sjølv om vi veit kor folk burde ha bod, har det vist seg at det ikkje alltid stemmer. For å vere 100% sikker på at alle har tilgang til rett bodareal, må vi difor få beskjed om kor du har bod.

Korleis ?
Ta kontakt med styret via kontaktskjemaet. Spesifiser kor du har bod, slik at vi lettare kan hjelpe deg. Alternativa er:

  • Under Breigata 12 (inngang frå kjellar i Breigata 12)
  • Under Breigata 18/20 – stort bodareal. Inngang frå kjellar i Breigata 18.
  • Under Breigata 18/20 – stort bodareal. Inngang frå kjellar i Breigata 20.
  • Under Breigata 18 – lite bodareal (5-6 boder). Inngang frå kjellar i Breigata 18.

Mangler du nøkkelbrikker?

I forbindelse med innføring av nøkkelbrikker på alle dører viser det seg at noen beboere enten ikke har bestilt, eller har mistet brikkene sine.

Dersom du er blant disse, må dette ordnes snarest. I mellomtiden kan du kontakte styret for kode for å komme inn til borettslaget og i blokkene. Midlertidige koder er opprettet, som vil fungere til 23. mai.

Har ikke du brikker? (mistet/aldri bestilt)

Bestill brikker snarest via nettskjema. Brikkene blir levert ut i starten av uke 21, altså en gang mellom 21. og 23. mai. I mellomtiden, bruk midlertidige koder. Kontakt styret via kontaktskjema for å få dette.

Fungerer ikke brikkene dine?

Ta kontakt med styret via kontaktskjema. Det som oftest har skjedd, er at man har forsøkt feil kode flere ganger på rad slik at brikkene har blitt sperret. Dette er en sikkerhetsfunksjon i tilfelle brikker mistes.

Mangler du tilgang til bodeareal?

Ta kontakt med styret via kontaktskjemaet. Spesifiser hvor du har bod, slik at vi lettere kan hjelpe deg. Alternativene er:

  • Under Breigata 12 (inngang fra kjeller i Breigata 12)
  • Under Breigata 18/20 – stort bodareal. Inngang fra kjeller i Breigata 18.
  • Under Breigata 18/20 – stort bodareal. Inngang fra kjeller i Breigata 20.
  • Under Breigata 18 – lite bodareal (5-6 boder). Inngang fra kjeller i Breigata 18.