Beboermøte med brannvesen, ventilasjon og forsikring

Velkommen til bebuarmøte! Vi møtast tirsdag 18. september rett etter ekstraordinær generalforsamling (som startar klokka 18) på Kafé Asylet, Grønland.

På bebuarmøtet har vi med oss Oslo brannvesen, Hamstad ventilasjon og OBOS forsikring. Kom og få nyttige tips om korleis det blir meir behageleg og tryggare i leigenheita/huset di(tt), og snakk med styret om ting du lurer på eller har forslag om.

Staden for møtet

Møtet blir halde på Kafé Asylet, Grønland 28, 0188 Oslo.

Vi startar klokka 18 med ekstraordinær generalforsamling for å vedta presisering i vedtektene. Rett etter dette går vi over til bebuarmøtet. Dei som vil er velkommen til å bli igjen for uformell samtale om ting og tang.

Oslo brannvesen kjem for å snakke om brannvarslar og brannsikkerheit

Høyr om korleis du kan sikre deg sjølv og alle naboane dine. Dei vil på førehand ha befaring i 4 Blocks for å sjå kva som er bra og dårleg, så dette blir ikkje berre “standardregle”, men nyttig for alle!

Hamstad ventilasjon forklarar korleis ventilasjonen vår fungerar, og korleis den kan bli betre

Har du hatt for dårleg eller for kraftig ventilasjon? Lukt frå naboar? Hamstad ventilasjon har den siste tida hatt masse arbeid i burettslaget vårt, og dei kjem til å forklare korleis ting fungerar, og korleis vi alle kan få det beste ut av ventilasjonen vår.

OBOS Forsikring skal forklare kva burettslaget si forsikring dekker, og kva den ikkje dekker – samt kva du bør tenke på sjølv

Burettslaget har ei forsikring som dekker mykje, men langt ifrå alt. Nokre ting kan vere sjølvsagt, mens andre kan vere nytt. Høyr om kva forsikringa vår dekker, korleis ein melder skader og anna nyttig.

Andre ting du har på hjartet?

Kom gjerne og få snakka om bakgarden, takterasser og meir. Kanskje du har forslag til dugnadsarbeid eller anna som er bra for burettslaget?

Bli kjend med naboar

Etter møtet er du velkommen til å bli igjen for ein uformell snakk, og bli kjend med naboane dine.

 

 

One thought on “Beboermøte med brannvesen, ventilasjon og forsikring”

Comments are closed.