Varmen blir snart skrudd på
I overgangen september/oktober blir varmen skrudd på. Sidan ein god del var energien forsvinn i form av røyrtap, venter vi alltid til det har blitt litt små-kaldt ute i meir enn ein dag innimellom, før vi bestiller påskruing av varme – for å halde kostnaden nede for oss alle.
Vi har bestilt oppkopling i løpet av veke 40 eller 41, litt etter kapasitet då det alltid er litt sjekkar og vedlikehald som må gjerast av røyrleggjarane.
Når varmen blir skrudd på, må du lufte radiatoren din
Kvar gong anlegget blir skrudd på, må du passe på å lufte radiatoren din. Du finn informasjon om dette i boligpermen vår.
Radiator skal aldri under snøkrystall ❄
Radiatoren din skal aldri vere på null (0). Det minste den skal vere på er snøkrystall, ❄. Om du skrur radiatoren heilt av vil den kunne ruste innvendig.
PS: Ja, vi veit at burettslaget må ta beslutning om Norgespris for fjernvarme, som mange har sendt e-post etter å ha lest artikkel om det 🙂