Porttelefon til Breigata 14-20

I vinter er det blitt installert porttelefon ved hovudporten, og denne kan no brukast for besøkande til Breigata 14, Breigata 16, Breigata 18 og Breigata 20.

For Breigata 18 og 20 kan porttelefonapparatet brukast for å opne opp både hovudporten og døra inn til blokka.

Fram til vi får retta opp skiltinga, merk følgjande:

Breigata 14

For Breigata 14, brukast tresifra nummer. Dei to første sifra er 14, og det siste sifferet indikerer husbokstaven. 1 = A, 2 = B, 3 = C osv.

Med andre ord,  “Room 141” på tavla, eller 141 tasta inn på panelet, betyr Breigata 14 C.  “Room 144” eller 144 tasta på panelet då 14 D sidan D er fjerde bokstav i alfabetet.

Breigata 16

For Breigata 16, brukast tresifra nummer. Dei to første sifra er 16, og det siste sifferet indikerer husbokstaven. 1 = A, 2 = B, 3 = C osv.

Med andre ord,  “Room 161” på tavla, eller 161 tasta inn på panelet, betyr Breigata 16 C.  “Room 164” eller 164 tasta på panelet då 16 D sidan D er fjerde bokstav i alfabetet.

Breigata 18

For breigata 18, brukast sekssifra nummer. Dei to første tala er 18, og dei siste fire er leigenheitnummeret som står på skilt over dørkarmen til kvar leigenheit.

Med andre ord, “Room 180301” eller 180301 tasta på panelet er Breigata 18, H0301. Tilsvarande er “Room 180403” eller 180403 tasta på panelet Breigata 18, H0403.

Breigata 20

For breigata 20, brukast sekssifra nummer. Dei to første tala er 20, og dei siste fire er leigenheitnummeret som står på skilt over dørkarmen til kvar leigenheit.

Med andre ord, “Room 200301” eller 200301 tasta på panelet er Breigata 20, H0301. Tilsvarande er “Room 200403” eller 200403 tasta på panelet Breigata 20, H0403.