Porttelefon-endringer (BG14, 16, 18, og 20)

16. og 17. februar blir det gjort store endringar i porttelefonoppsettet. Breigata 14, 16, 18 og 20 blir kopla saman og vil kunne opne hovudporten.

Som eit ledd i utskifting av låsesystem og fjerning av PIN-kode-system på porten blir porttelefonane no kopla saman. Dette gjer det mogleg å opne opp hovudporten frå inne i leigenheitene. Rekkehusa vil få installert porttelefonapparat.

Torsdag 16. februar

Torsdag blir porttelefonane i Breigata 20 programmert om. Dersom du ikkje er heime denne dagen, vil porttelefonen din slutte å fungere. Det blir og gjort forsøk på installasjon i rekkehusa Breigata 14 og Breigata 16, for dei som er heime.

Oppdatering torsdag kl 15:23: Alle leigenheiter i Breigata 20 med unntak av fem har fått oppdatert porttelefonen sin. Dei fem som ikkje var til stades vil ein gjere nytt forsøk på å nå i løpet av fredagen. Det blei og installert porttelefon i fire rekkehus.

Fredag 17. februar

Breigata 20: Fredag klokka 07:00 blir det tatt ny runde i Breigata 20 for å oppdatere porttelefonane til dei fem leigenheitene som ikkje opna torsdag. Denne jobben tek om lag eitt minutt per leigenheit, så vi ber alle som ikkje har fått besøk om å vere heime.

Rekkehusa: Det blir gjort installasjonsrunde i alle rekkehusa med unntak av dei som var heime torsdag. Vi må ha tilgang til teknisk rom, og jobben tek om lag ein halvtime.

Igangsetting av porttelefon på hovudporten

Vi håper å få igangsatt porttelefon på hovudporten i løpet av fredag 17. februar, men dette er ikkje sikkert. Fram til porten er kopla på, vil dog gjestar kunne ringe på – men du vil ikkje kunne sleppe nokon inn.

 

Breigata 18

Det er ikkje behov for tilgang til leigenheiter i Breigata 18.

Breigata 12

Det er ikkje behov for tilgang til leigenheiter i Breigata 12.