All posts by Silje Fossøy

Nye rottefeller i bakgården og søppelsituasjon

Det har seinaste tida dessverre blitt eit stadig aukande problem med rotter i bakgården hjå oss – då særleg ved søppelområdet og hjørnet på Breigata 12. I dag har Anticimex satt opp eit par mindre feller og to smartfeller, som forhåpentlegvis får bukt med rotteproblemet snarleg. Anticimex har sagt at fellene er totalt giftfrie med tanke på barn, men sidan det kan ligge rotter inne i fellene er det å anbefale at   ein ikkje tar så mykje på fellene.

Ein av grunnene til at det stadig kjem fleire rotter, er at dei tiltrekkes søppel. Det er då fint om me alle kan hugse på å knytte søppelposen før me kaster den i containeren, og at me forsøker ikkje få mykje søppel utanfor containeren. Når det havner mykje søppel mellom veggen på søppelskuret og containeren inni, får rottene tak i dette, og kjem då stadig att. Me har også varsla Oslo Eiendomssenter at dei snarast må bedre søppelsituasjonen utanfor Kebabish.

Dersom de skulle ha spørsmål til dette, er det berre å ta kontakt med oss i styret. Så kryssar me fingrane for at problemet blir mindre framover 🙂