Teknisk befaring – vi skal besøke alle andelar
Det er på tide med teknisk befaring igjen! Ein handtverkar som burettslaget har leigd inn skal inn og sjå på alle andelar, og du må vere heime.
Fyll ut skjema så snart som mogleg og innan tirsdag 18. november!
Kvifor befaring?
Teknisk befaring har hovudfokus på ventilasjon, men samstundes vil handtverkaren notere ned ting som blir bemerka, og kan svare på ein del spørsmål. Vi hadde stor effekt med tilsvarande befaring gjort i 2021, og vi fekk då ein del info som førte til ein del vedlikehald. Denne befaringa gjer at vi får ein status på alle andelar, òg dei som styret sjeldant eller aldrihøyrer noko frå.
Vi ber derfor alle om å være ekstra oppmerksomme på tegn til vannskader, som fukt eller vann i tak, vegger eller gulv.
Nokon må vere heime
Nokon som kjenner andelen må vere heime. Eit born som ikkje kan svare på spørsmål som korleis ventilasjonen opplevast, korleis varmen er osv er ikkje nok. Helst bør ein eigar vere til stades.
Passer det ikkje på torsdag?
Det forstår vi godt – svar det i skjemaet, så finn vi ei anna tid.
Takk for samarbeidet!