Alle innlegg av Andreas-Johann Ulvestad

Veggdyr, rotter og søppel hos/fra næringsenhetene

Det har vore eit større angrep av veggdyr i Breigata 18, og det jobbast no med bekjemping av dette. Det vil i etterkant bli gjort kontroll av alle leigenheiter som er angrepe.

Etter ein periode med mange rotter kring Breigata 12, er det gjort mange ulike tiltak for å betre forholda inkludert nye rottefeller og smartfeller samt forsøk på giftutlegging.

Styret har over lengre tid hatt dialog med næringseiningane om probelemer der. Det er problemer med søppel frå Kebabish ved Breigata 20, og næringseiningane i Breigata 18 har til tider brukt burettslaget sine søppeldunkar utan grunn til det. Dersom du ser nokon frå næringseiningane kaste søppel hjå oss, fortell at det har dei ikkje lov til, og varsle styret.

Fortsett å lese Veggdyr, rotter og søppel hos/fra næringsenhetene

Takterrasene i B12 og B20

Vi vil gå i gang med å sette opp tilsammen 4 møbelgrupper på takterrassene i Breigata 12 og Breigata 20. Takterrassene vil bli åpnet for bruk av alle beboere. Vi vil se an bruken av takterrassene før vi går til innkjøp av ytterligere møbler. Det vil også bli satt opp noen balkongkasser for å gjøre takterrassene hyggeligere. Dette vil bli gjennomført til våren. Takterrassen i B18 – 6 etasje har for lavt rekkverk. Denne er derfor låst av. Husk at det må brukes grønn eller svart brikke for å komme ut på terrassene.

NB: Ikke kast sneiper på takterrassene. Dette kan skade membranen både under og på siden av terrassene og medføre store vannskader nedover i byggene. Vi har bestilt askebeger til takterrassene og disse vil bli satt opp om kort tid.

Beboermøte med brannvesen, ventilasjon og forsikring

Velkommen til bebuarmøte! Vi møtast tirsdag 18. september rett etter ekstraordinær generalforsamling (som startar klokka 18) på Kafé Asylet, Grønland.

På bebuarmøtet har vi med oss Oslo brannvesen, Hamstad ventilasjon og OBOS forsikring. Kom og få nyttige tips om korleis det blir meir behageleg og tryggare i leigenheita/huset di(tt), og snakk med styret om ting du lurer på eller har forslag om.

Fortsett å lese Beboermøte med brannvesen, ventilasjon og forsikring

Ekstraordinær generalforsamling 18. september

Det blir ekstraordinær generalforsamling tirsdag 18. september klokka 18:00 – 20:30 på Kafé Asylet, Grønland.

På generalforsamlinga skal styret presentere orientering om burettslaget sin økonomi og så er det votering over endring av vedtektene.

Etter generalforsamlinga er det bebuarmøte (sjå eigen post om det).

Fortsett å lese Ekstraordinær generalforsamling 18. september

Takterrassedør Breigata 20 fiksa

Døra ut til takterrassa i Breigata 20 er fiksa.

Problemet her var at nokon har stappa ting inn i låsekassa for å halde døra oppe. Dette har medført slitasje, som igjen til slutt har gjort det umogleg å låse opp døra.

Vi minner om å IKKJE stappe ting inn i låsekasser eller anna – slik fikling medører kostnadar for burettslaget, og med det, kostnadar for alle som bur her.

Konteinar kjem 1. august

Onsdag 1. august blir det tilgjengeleg ein konteinar i bakgarden. I denne kan du kaste alt du har oppsamla av møblar, store pappesker og anna som du ellers ikkje blir kvitt. Det blir òg bestilt eit el-avfall-bur kor du kan kaste elektrisk avfall som lamper, TVar og liknande. Bruk anledninga til å rydde i leigenheit, bod, i gangen din osv.

Vi minner om at det utanom når vi har konteinar ikkje skal hensettast søppel. Det skal ikkje settast noko foran søppelområdet, i bodareal eller i gangar – heller ikkje på takterrasser.

Vi får konteinar fire gongar i året; ca 1. mars, 1. mai, 1. august og 1. oktober. Utanom dette må du sjølv passe på å køyre bort avfall.

Manglar du tilgang til bodareal?

Dersom du ikkje har tilgang til bodareal med den svarte/grøne nøkkelbrikka di, må du ta kontakt med styret via kontaktskjemaet her på nettsida og fortelle om kor du har bod.

Kvifor?
Burettslaget har bod fire plassar, og sjølv om vi veit kor folk burde ha bod, har det vist seg at det ikkje alltid stemmer. For å vere 100% sikker på at alle har tilgang til rett bodareal, må vi difor få beskjed om kor du har bod.

Korleis ?
Ta kontakt med styret via kontaktskjemaet. Spesifiser kor du har bod, slik at vi lettare kan hjelpe deg. Alternativa er:

  • Under Breigata 12 (inngang frå kjellar i Breigata 12)
  • Under Breigata 18/20 – stort bodareal. Inngang frå kjellar i Breigata 18.
  • Under Breigata 18/20 – stort bodareal. Inngang frå kjellar i Breigata 20.
  • Under Breigata 18 – lite bodareal (5-6 boder). Inngang frå kjellar i Breigata 18.