Tilgang til køyreport

Normalt sett skal det ikkje vere bilar innanfor portane til burettslaget. Dette er for å følgje påkrav frå brannvesen og andre utrykkingskøyretøy, og at det skal vere ein trygg plass for born.

I visse tilfelle, som t.d. flytting, blir det gitt godkjenning for å køyre inn med bil, dersom det er ledig.

Parkering er aldri tillatt

Det er ikkje lov å parkere i burettslaget – det er berre lov å stå i kort tid for av- og pålassing.

Tilgang til køyreport må søkast om

For å få tilgang til køyreporten, må du betale eit gebyr på (p.t.) 250kr. Bruk skjemaet under, og info om betaling kjem opp.

Bilen må merkast

Du må ha merka bilen din med kor du bur, og telefonnummer. Bilar utan dette, eller som er parkert, vil bli taua bort uavhengig av om du har tilgang.

Be om tilgang ei veke før du treng det

Styret består av personar som hjelp til i burettslaget, ved sidan av sine vanlege jobbar. Å gje ein person tilgang til porten tek tid og vi må sjekke diverse ting som om andre har tilgang i samme periode og lignande – og berre to personar i styret kan gjere dette. Be om tilgang så snart som mogleg, helst ei veke før og minst tre dagar før.

Dersom du ber om tilgang kortare tid enn fire dagar før, og vi ikkje rekk å gje deg tilgang, vil gebyret ikkje bli refundert. Gebyr blir heller ikkje refundert dersom du ikkje benyttar deg av tilgangen.

    Ditt navn (påkrevd)

    Din e-postadresse (påkrevd)

    Andel

    Frå når treng du tilgang til porten?

    Til når treng du tilgang til porten?

    Evt kommentar