Faktura og felleskostnader

Burettslaget sender ut diverse typar faktura, og alle blir sendt direkte til andelseigar av forretningsføraren vår, ABBL.

1. Felleskostnadar (månadleg)

Kvar månad blir det sendt ut faktura for felleskostnadar. For dei fleiste er dette sendt på AvtaleGiro, noko vi anbefalar. For dei som ikkje har inngått AvtaleGiro-avtale blir det sendt på post, oftest ein konvolutt med fleire faktura i seg.

Felleskostnadar

Burettslaget har mange kostnadar som må dekkast inn, og dette blir fordelt basert på kor stor den enkelte andel er. Dersom leigenheita di tilsvarar 1% av arealet til alle leigenheiter i burettslaget, blir du fakturert 1% av felleskostnadane til burettslaget.

Døme på kostnadar som er dekka av felleskostnadane:

  • Vaktmeister
  • Reinhald (vasking)
  • Renovasjon/søppel
  • Kaldtvatn (det er ikkje målar for kvar leigenheit for dette)
  • Vedlikehald av burettslaget sine fellesareal og -installasjonar
  • Ventilasjon og heis i blokkene
  • Ventilasjonsanlegg i rekkehusa
Renter og nedbetaling på felleslån/-gjeld

Alle andelar har ein del av burettslaget sine felleslån. Burettslaget har tre lån frå Husbanken med veldig lav (flytande) rente. Vi betalar inn til Husbanken fire gongar i året, men andelane blir faktuert kvar månad for at det skal vere enkelt.

A-konto beløp varmtvatn/fjernvarme

Varmtvatn er levert via fjernvarme, og det er montert målar for alle andelar slik at ein veit kor mykje varmtvatn alle brukar. Regelmessig (kvart år/halvår) går ein gjennom faktisk forbruk, men i mellomtida blir det fakturert eit A-konto beløp, altså eit forskott.

2. Avrekning for fjernvarme (årleg/halvårleg)

Alle andelar har to målarar montert på inntaket for varmtvatn; eine dekker radiatorar og liknande (oppvarming) og den andr edekker anna forbruk som til dømes varmtvatn i kranene og dusjen.

For heile perioder som år (på sikt halvår) får vår forretningsførar ABBL tilsendt informasjon frå leverandøren av systemet, Ista, om kor mykje forbruk alle andelar har hatt.

ABBL samanliknar dette med kor mykje andelane har betalt inn på forskott (A-konto via felleskostnadane), og ser om det er betalt inn for mykje eller for lite. Dei som har betalt inn for mykje får dette betalt tilbake og dei som har betalt inn for lite får tilsendt faktura for mellomlegget.

Dersom du ikkje har budd her heile perioden avrekninga gjeld for

Faktura blir sendt ut for ein heil periode, til dømes eit heilt år. Det er dog registrert alle inn- og utflyttinger, så rekninga du får tilsendt gjeld berre den tida du har eigd andelen din. På fakturaen vil det stå heile perioden (t.d. eit heilt år) uavhengig av om du har budd her heile perioden eller ikkje. Men innhaldet på fakturaen er kun for den tida du har eigd andelen.

Du betalar for meir enn berre vatn

Generalforsamlinga har for mange år sidan vedtatt å ha måling av den enkelte andel sitt forbruk av fjernvarme, og ein inngjekk då ein ti-årig avtale om å leige systemet frå Ista. På fakturaen vil du difor sjå to kostnadar som har med dette å gjere.

Leasing er nedbetaling/leige av sjølve utstyret, altså målarar og anna utstyr som blir brukt for å samle inn forbruket til andelane.

Administrasjon er betalt for det at Ista vedlikeheld den fysiske installasjonen i burettslaget, at dei registrerer sal av andelar slik at ein berre betalar for den tida ein eig andelen, og avrekning – altså oppgjer mellom innbetalt forskott og reelt forbruk.

Røyrtap

Vi blir fakturert for alt varmtvatn vårt anlegg tek imot, og vi fakturerar alle andelar for kor mykje kvar andel har forbrukt. Det er dog ein del som forsvinn på vegen gjennom burettslaget. Ikkje alle røyr er isolerte, og det er mange meter med røyr opp og ned gjennom blokkene. Temperaturen går då litt ned på denne vegen, og når ein tek talet kilowatt-timar vi har fåt ttilført frå fjernvarmen og trekk frå det som er fakturert andelane, er dette det som blir kalla “rørtap” på fakturaen.

Det blir brukt standard fordelingsnøkkel i burettslaget for kostnaden på røyrtap då det er ingenting den enkelte andel kan gjere for å ha innverknad på dette. Røyrtapet er likt uavhengig av kor mykje varmtvatn din andel brukar.

3. Eigedomsskatt

Rekkehusa er sopass store at dei medføyrer at burettslaget må betale eigedomsskatt. Dette blir vidarefakturert andelane på eige faktura, i tråd med vedtektene til burettslaget.

4. Andre faktura frå burettslaget

Dersom ein andel påfører burettslaget direkte kostnadar så blir dette vidarefakturert andelen. Døme på slike faktura er:

  • Eigeandel av forsikring, dersom det er skade som er knytta til ein andel, det blir brukt burettslaget si forsikring og skaden er grunna handling til dei som bur i andelen.
  • Vedlikehald via våre avtalar, til dømes fellesrunde for montering av lamper utvendig, skifte av lås i postkasser og liknande.