1. Generelt om nettverk og internett
Denne seksjonen av FDVen er ikkje ferdigstilt endå.
Internett frå Lynet
Sidan oktober 2016 har burettslaget hatt avtale med Lynet for internett. Alle bebuarar har gratis 2 megabit internett i veggen, og kan velgje å oppgradere til raskare linje. Bestill på lynet.no.
Internett frå Get
Fram til 2016 hadde burettslaget innbakt TV og internett (0,5 megabit) frå Get. Dette betalte bebuarar 384kr i månaden for, men avtalen vart sagt opp slik at alle kunne ta eit individuelt val om kva dei ville ha. Det er framleis mogleg å bestille internett frå Get for dei som ynskjer det, men erfaring tilseier at Lynet er billigare.
TV frå Lynet/SnapTV
Lynet tilbyr IPTV-løysning, kor du har ei lita boks du koplar til TVen din, som igjen brukar internett for å hente inn TV-kanalar. Les meir på snap.tv.
TV frå Get
Dersom di leigenheit/ditt rekkehus framleis har koaksialkablar, kan dykk bestille TV-pakke frå Get.