Alle innlegg av Andreas-Johann Ulvestad

Juletre som skal kastes?

Dersom du har eit juletre som skal kastast, kan du kaste dette gratis av Oslo kommune – så lenge du før laurdag 11. januar klokka 09:20 sett ut juletreet på eit av to punkt under.

Juletre kan ikkje kastast i søppeldunkane, og dei kan ikkje settast i burettslaget. Du er sjølv ansvarleg for å levere juletre til felles innhenting, eller køyre det vekk sjølv.

Hentepunkt 1 – krysset Smalgangen og Olafiagangen

Oslo kommune kjem laurdag 11. januar klokka 09:20 og henter alle juletre som før dette er lagt her. Det er ikkje lov å leggje igjen juletre etter dette. Dette er området kalla «markedsplassen», i enden av parkeringsplassen (rett under brua, ved nedgangen til T-bana).

Hentepunkt 2 – Christian Krogs gate 30

Oslo kommune kjem laurdag 11. januar klokka 09:40 og henter alle juletre som før dette er lagt her. Det er ikkje lov å leggje igjen juletre etter dette.

Hentepunkt for juletre

Kameraovervåking installert

Kamera for overvåking er nå installert i borettslaget. Det vil ta litt tid før dette er ferdig kjørt inn, men målet er å få alt ferdigstilt i løpet av juni.

Vi håper at alle i borettslaget setter pris på dette arbeidet, og at tiltaket gjør at alle kan føle seg tryggere når de oppholder seg her.

Les meir

teknisk inspeksjon i rekkehusa

Tysdag 28. mai mellom 08 og 10 er det teknisk inspeksjon i rekkehusa, for å avdekke ting som kan medføyre brann, lekkasjer og liknande som har innerknad på naboar.

Elektrikar og røyrleggjar vil ta del av denne inspeksjonen, og alle rekkehusa må vere tilgjengeleg for inspeksjon denne dagen.

Kjøreport utilgjengeleg

Frå måndag 27. mai til og med onsdag 29. mai vil køyreporten vere utilgjengeleg. Vegen framfor porten vil bli gravd opp for å reparere ein kabel som er nedgravd.

Vi er varsla om at Hafslund har ein kabel det er brot i, og for å få tilgang til denne må vegen framfor køyreporten gravast opp.

Selskapet Omexom har laga denne planen:

  • Måndag: Grave opp vegen
  • Tysdag: Reparere brot i kabel
  • Onsdag: Fylle igjen vegen

Branntilløp i breigata 16

Som mange har lagt merke til, har det vore brann i eine rekkehuset vårt, Breigata 16C. Brannen starta på taket.

Brannvesenet var raskt på plass for å slukke, og det var visse skader på naboane 16B og 16D.

For ordens skuld minner styret på:

  • Du må sjølv sørge for innbuforsikring.
  • Berre gas- og straumdreven grill er tillate i burettslaget.
  • Rydd vekk ting som er lett antenneleg som maling, kjemikaliar og liknande.
  • Test brannslangen minst ein gong i året, og sørg for at alle veit korleis å bruke den.
  • (For dei som bur i rekkehus) Ha brannvarslar, og pass på å teste den ein gong i året.
  • Ha brannteppe på kjøken og ved grill. Aldri bruk vatn for å slukke brannar med olje.
  • ALDRI oppbevar tankar med gass som butan, propan og liknande i kjellarbod. Sjølv ei lita blå «ut på tur-boks» er nok til å lage store skadar.
  • (For dei som bur i blokkene) Hugs at det ikkje er lov å kople ut brannvarslar.
Fortsett å lese Branntilløp i breigata 16