Registrer deg, og ta i bruk postkasse 2.0!

Den 14. oktober går burettslaget over frå noverande postkassestativ til Postkasse 2.0. Alle som bur i burettslaget må registrere seg hjå Posten for å sørge for at dei kan motta post etter 13. oktober.

Som du kanskje har sett, er Postkasse 2.0-systemet satt opp ved søppelområdet. I eit halvt år skal vi teste ut dette saman med Posten.

Du får fast postluke
Alle leigenheiter og rekkehus vil få ei fast luke kor postbodet leverer all post som i dag blir levert i vanleg postkasse.

Du vil òg få levert større pakker!
Ein stor fordel med Postkasse 2.0 er at det er ekstra store pakke-luker som blri brukt ved behov. Her får du levert pakker som er for store til postkassa eller som du vanlegvis måtte henta på postkontoret, som jo ganske upraktisk stenger klokka 18 på kvardagar og 15 laurdag. Det slepp du no.

Du må registrere deg innan 20. september!
Innan 20. september må du registrere inntil to personar i husstanden. Dette gjer du på www.posten.no/postkasseautomat.

Når du får post…
Kvar gong du får levert post, får den/dei som er registrert i systemet melding på SMS. Denne meldinga inneheld din faste kode, som du tastar inn for å opne den faste luka di i automaten.

Når du før ein pakke…
Får du ein pakke, blir det lagt i ei større luke enn der du får brevpost. Du blir varsla med ein kode som du brukar ein enkelt gong. Tast inn denne, så opnar ei pakkeluke seg.

Visse unntak
Brev eller pakker som krev legitimasjon o.l. (t.d. verdisending) eller som leverast av andre enn Posten, kan ikkje leverast i Postkase 2.0. Desse må du hente på vanleg måte.

Frå 14. oktober får du ikkje post i dei vanlege postkassene.

Har du spørsmål?
Sjå på www.posten.no/postkasseautomat eller send e-post til webmaster@posten.no (skriv isofall gjerne Postautomat i emnefeltet, så kjem den raskare fram til rett person)