Kodepanel til gå-porten flytta

Kodepanelet (der du bruker brikka for å opne) til gå-porten er no flytta frå ved sidan av porttelefonen og på stolpa rett til høgre for sjølve porten.

Den nye plasseringa gjer at det blir enklare å komme inn i borettslaget, og kjem etter tilbakemelding frå bebuarar.

Det gamle kodepanelet heng framleis ved sidan av porttelefonen.  Dette panelet blir no brukt for å styre bil-porten. Frå etter påske vil det vere mogleg å bestille tilgang til bil-porten ved flytting o.l., mot eit gebyr.

Det skal hengast opp lappar for å merke dei ulike kodepanela.

Oppdatering torsdag 22. februar

Det er no hengt opp lappar for å markere dei ulike kodepanela.