Årets generalforsamling blei gjennomføyrd onsdag 8. april, og var den best besøkte på lang tid med heile 23 andelar var representert.
I tillegg til dei vanlege sakane som styret sin rapport, rekneskap og budsjett blei det diskutert mange viktige sakar for burettslaget. Oppseiing av kollektiv avtale for TV og internett blei ikkje gjennomføyrd, og styret vil sjå vidare på alternativar til løysninga som er i dag.
Generalforsamlinga var den siste med papirbasert innkalling, møtet valde å gjere elktronisk kommunikasjon til den foretrukne. Nyhendebrev om dette vil bli sendt ut til alle, med opsjon om å reservere seg og dermed framleis få informasjon på papir.
Møtet valde å utvide løpetida på låna i Husbanken til 30 år, noko som vil medføyre at aukinga i innbetaling frå august ikkje blir like høg som forventa. I tillegg skal vi inngå rentebinding av låna i fem år. Dette betyr at renta vil gå frå 2,28% til 1,985%.
Styret blei gitt fullmakt til å starte med videoovervakning dersom det er behov for dette. Det blei understreka at vi sjølvsagt skal følge alle lover og regler, og at videoovervakning skal vere eit tiltak vi går til dersom andre tiltak for å rette på problem ikkje føyrer fram. Overvakning skal ikkje skje på plassar som krenker privatlivet, til dømes filming av inngangsdør til leigenheitene eller rekkehusa.
Lispet Kristiansen og Ole Håvard Voicu-Lundvold blei vald til styremedlem for to år og Cong Sang Le blei vald til varamedlem for eitt år. Etter møtet består styret av Olav Endresen Haukeli (styreleiar), styremedlemmene Andreas-Johann Østerdal Ulvestad, Lispet Kristiansen og Ole Håvard Voicu-Lundvold samt varastyremedlemmet Cong Sang Le. Valkomiteen består av Tone Aasgard, som blei gjenvald.
Etter møtet blei det avhalde eit uformelt bebuarmøte med open diskusjon om sakar som angår burettslaget.
Vi takkar Anders Ertsås og Marit Eline Sand, som begge troppar av frå styret no, for innsatsen det siste året.
Protokollen kan du lese under menyvalet «Styret«.