Breigata 20: Vi må inn i leiligheta

Torsdag 16. februar må teknikarar frå Låshuset inn i kvar enkelt leigenheit i Breigata 20 for å omprogrammere porttelefonane. Alle som bur i Breigata 20 må passe på å vere heime til dette, for å sørgje for at porttelefonen faktisk fungerar etter at sentralen er skifta ut.

Som del av å installere låsesystem i burettslaget blir alle porttelefonsystema  i Breigata 18, Breigata 20, Breigata 16 (skal installerast no) og Breigata 14 (skal installerast no) kopla saman til ein felles sentral.

Dette vil gjere at alle gjestar kan bruke eit nyinstallert ringetablå ved hovudporten for å ringe på, og dermed og sluppe inn i bakgarden.

Sentralen under Breigata 18 skal fjernast, og det betyr at teknikarar frå Låshuset må inn til alle leigenheiter i Breigata 20 for å omprogrammere desse.

Første runde er klokka 07:00 denne dagen, då går dei frå dør til dør. Dei kjem og til å vere i burettslaget og ta fleire runder fram til klokka 15.

Dersom du ikkje er heime eller ikkje svarar når det blir ringt på, betyr det at porttelefonen din ikkje vil fungere. Dersom teknikarar må komme på besøk seinare, vil meirkostnaden av dette bli vidarefakturert deg. Dersom du ikkje er heime, kan du kontakte styret og leggje igjen nykkel slik at Låshuset kan låse seg inn.