Nytt søppelområde, Stopp Tagging og dyrelufting

Styret arbeider aktivt med å legge til rette for at alle skal ha eit fint friområde. Vi har difor vurdert ulike løysninger, og kome fram til endringer vi trur vil hjelpe godt på.

Søppelområdet blir bygd inn

I dag har vi mange søppeldunkar som fort blir fulle. Det er og eit problem at folk set att møblar, småelektrisk og andre ting som skal fjernast sjølv. Søppelkassene er berre til for vanleg hushaldningsavfall, ikkje innpakking etter TVar, innpakking eller delar av møblar osv.

Vi har difor bestilt innbygging av søppelområdet. Dette vil vere ein heildekkande vegg frå bakkeplan heilt opp. Det vil vere luker til papiravfall og søppelposer. Styret håper at innbygginga er gjort i løpet av få månadar.

Avtale med Stopp Tagging

Burettslaget skal inngå avtale med Stopp Tagging for veggar som vender ut mot gata. Dette betyr at Oslo kommune innan 48 timer etter at vi har meldt ifrå om tagging skal fjerne tagginga.

Lufting av dyr i bakgården

Styret minner om at alle hundar skal vere i band så lenge dei er i bakgarden. All avføring frå hundar må plukkast opp med ein gong, og kastast i søppelkassene som er utplassert. Det er og ynskjeleg at lufting og trening av hund skjer utanfor burettslaget – til dømes i ein park. Det minnast om at alle som skal ha dyr i burettslaget må søkje Styret om godkjenning på førehand.