Felles internett-avtale på 1 gigabit frå 1. august

Frå 1. august har alle bebuarar kollektiv (felles) avtale om internett, direkte via burettslaget. Du får 1 Gigabit/Gbps (1000 Megabit/Mbps) og dette blir dekka inn via månadleg felleskostnad-faktura.

Frå fakturaen du skal betale i september blir det lagt på 169kr i månaden dei neste tre åra. I august vil du få ekstra-faktura frå ABBL på 169kr for å dekke august månad.

Hugs at om du har personleg abonnement med Lynet i dag, skal du ikkje lengre få faktura frå 1. august av.

Om du har tekniske problem skal du framleis kontakte Lynet sin kundesørvis, burettslaget har ikkje noko anna ansvar enn at vi har framforhandla denne avtalen.

NB! Lynet kjem til å bruke nokre månadar på å auke kapasiteten inn i burettslaget, men allereie no skal du ha mellom 400 og 500 Megabit “rett i veggen”.