Felleskostnadar blir redusert med 10% frå februar

Styret i burettslaget har over lengre tid jobba med kartlegging av økonomien vår, og konkluderte for nokre veker sidan om å redusere felleskostnadar med 10% frå nyåret.

Dette blir andre reduksjon i felleskostnadar på eitt år – sist gong var i februar 2025.

Kor mykje har det å seie for meg?

Hugs at på fakturaen du får kvar månad er det fleire ulike ting, så du vil ikkje få 10% reduksjon på månadsbeløpet. For meir informasjon om kva som er på fakturaen frå burettslaget, sjå infoside på nettsida.

For eit rekkehus vil reduksjonen på 10% av felleskostnadar vere i underkant av 800kr mindre å betale kvar månad, ein andel som bur i X01 (501, 601 osv) i Breigata 18 får reduksjon på ca 470kr osv.

For å vite nøyaktig kor mykje det betyr for deg, opne eFakturaen frå burettslaget i nettbanken, eller logg inn på ABBL Min Side.