Alle innlegg av Andreas-Johann Ulvestad

Felleskostnadar blir redusert med 10% frå februar

Styret i burettslaget har over lengre tid jobba med kartlegging av økonomien vår, og konkluderte for nokre veker sidan om å redusere felleskostnadar med 10% frå nyåret.

Dette blir andre reduksjon i felleskostnadar på eitt år – sist gong var i februar 2025.

Kor mykje har det å seie for meg?

Hugs at på fakturaen du får kvar månad er det fleire ulike ting, så du vil ikkje få 10% reduksjon på månadsbeløpet. For meir informasjon om kva som er på fakturaen frå burettslaget, sjå infoside på nettsida.

For eit rekkehus vil reduksjonen på 10% av felleskostnadar vere i underkant av 800kr mindre å betale kvar månad, ein andel som bur i X01 (501, 601 osv) i Breigata 18 får reduksjon på ca 470kr osv.

For å vite nøyaktig kor mykje det betyr for deg, opne eFakturaen frå burettslaget i nettbanken, eller logg inn på ABBL Min Side.

Akonto-innbetaling for fjernvarme blir redusert med 10% frå februar

Akonto på fjernvarme blir redusert med 10%

Vi har no fått meir erfaring med forbruket var varmtvatn, og styret har inngått Norgespris-avtale for fjernvarmen. Basert på desse to tiltaka, har styret vedtatt at frå neste faktura som blir sendt ut blir akonto for fjernvarme betalt med 10%. Merk at dette over årsbasis ikkje betyr at du betalar mindre, sidan det er avrekning av faktisk forbruk ein gong i året – men du betalar inn mindre kvar månad.

Om du tidlegare har fått faktura på å betale inn meir, bør du sette av litt meir til dette. Om du tidlegare alltid har fått pengar tilbake, vil du få litt mindre tilbake neste gong, men òg betale mindre kvar månad.

For eit rekkehus vil dette vere reduksjon på i underkant av 200kr i månaden, og for ein andel i Breigata 12 med bolignummer X04 (H0304, H404 osv) er det litt over ein hundrelapp i månaden.

Sjå meir info om faktura frå burettslaget på eiga infoside.

Varme blir skrudd på i overgangen september/oktober

Varmen blir snart skrudd på

I overgangen september/oktober blir varmen skrudd på. Sidan ein god del var energien forsvinn i form av røyrtap, venter vi alltid til det har blitt litt små-kaldt ute i meir enn ein dag innimellom, før vi bestiller påskruing av varme – for å halde kostnaden nede for oss alle.

Vi har bestilt oppkopling i løpet av veke 40 eller 41, litt etter kapasitet då det alltid er litt sjekkar og vedlikehald som må gjerast av røyrleggjarane.

LES MEIR

Ny internettleverandør: Blix

Frå 1. september tek Blix Solutions over internettleveranse til burettslaget. Dei kjem i vekene før til å gjere undersøkingar og oppgradering

Testing av alle kablar – du KAN vere heime, må ikkje

Ein underleverandør av Blix, Nimbus, kjem til å gjere fysisk installasjon i burettslaget. Alle andelseigarar får SMS med når dei kjem på besøk. Du må ikkje vere heime når dette skjer.

Er du heime vil dei sjekke at alt fungerar som det skal og teste farta dei får på linja, så du får hastigheita du (via burettslaget) har betalt for.

Om du ikke er heime så sjekker dei at dei har kontakt med andelen din frå andre sida, du går då berre glipp av at dei sjekker kvaliteten på kabelen som Lynet installerte for mange år sidan.

Betre utstyr – mindre støy og varme

Svitsjane som står i skap i fjerde etasje i alle blokkene blir skifta ut til meir stillegåande og mindre varmegenererande, så det blir betre for bebuarane i den etasje.

Raskare nettlinje inn til burettslaget

Blix legg inn raskare nettlinje inn til burettslaget, så ein taklar at fleire brukar nett om gangen.

Billigare, framleis gigabit (1000Mbps)

Internett er del av felleskostnaden (og står med eiga fakturalinje på felleskostnad-fakturaen du får kvar månad). Prisen blir 20kr mindre enn den er i dag. Alle vil framleis ha gigabit (1000Mbps) internettfart.

IPv6

Alle bebuarar vil få IPv6-adresse i tillegg til IPv4-adresse (dette er teknisk – veit du kva det er er det fint, viss ikkje så er ikkje det viktig for deg)

Flytte nettpunkt til anna plass?

Det er mogleg å flytte nettverkspunktet (boksa på veggen du får internett frå) til ein annan plass, men du må betale for dette sjølv. Kontakt styret innan 15. september via kontaktskjemaet om det er aktuelt for deg.

Frå 1. september er ikkje Global Connect/Lynet kontaktpunkt

Etter 1. september må du kontakte Blix Solutions, ikkje Global Connect, om du har problem med nettet ditt.

Fjernvarme-rekneskapen ferdig, utbetaling og faktura på veg

I burettslaget vårt har alle andelar eigen målar for varmtvatn og radiatorvarme. På portalen kan du sjå kor mykje forbruk du har.

Kvar månad blir det betalt fakturert eit estimert beløp. Om du har mindre forbruk enn forventa, vil du no i løpet av få dagar få dette betalt tilbake. Om du har hatt meir forbruk enn estimert, vil du få ein faktura på mellomlegget.

Om du har meirforbruk får du i løpet av nokre dagar ein faktura med 14 dagars betalingsfrist.

NB! Hugs at estimatet er låst – det blir ikkje justert frå år til år. Så om du no får ekstra-faktura, kan du forvente å få det neste år òg dersom du ikkje kuttar på forbruket ditt.

Ved sal av andel blir det avrekna og fordelt på dei ulike eigarane sin tid.

Ekstrarekning frå ABBL

Det er sendt ut ekstrarekning frå ABBL for avrekning lån. Grunnen til dette er at det er frå ABBL si side fakturert ut mindre månadleg faktura for å dekke lånet enn avdraga var. Mellomlegget er difor fakturert ut. Vi er i dialog med ABBL om avklaring korleis å unngå dette i framtida.